søndag 14. oktober 2012

Eg har flytta til England!! :)





Her kjem det endeleg ein oppdatering i frå England, og nærmare bestemt Lancaster. Eg studerer psykologi her ved Lancaster Universitet. Det er oppbygd med college og alle studentane som går første året bur i ein av dei 8 collega. Eg bur i Bowland og har catering, der får eg frukost og middag kvar dag. Der et eg med dei nye venninnene mine som bur i same gang som meg. Det er vennskap frå Bahamas, Italia, England, Latvia, Tyskland, Danmark og Chile. Det betyr at eg kan reise rundt om heile verda for å møte venner- eg liker det!!!!!!

Eg har hatt mi første studieveke og det har vore hardt! Eg har to fag i psykologi og eit i sosiologi. Dette kjem til å halde meg i gang med mykje lesing heile året- og det beste er at faga er spennande! Det som er utfordring er at alt er sjølvsagt på Engelsk og det er ikkje berre berre for ein norsk jente frå bygda i Sogn. Eg har vore på biblioteket og lest i dag, og det var mykje eg måtte oversette! Det gjorde meg nesten heilt fysisk dårleg- ikkje at det kjem til å sette ein stoppar! Det er berre fakta! Kva anna kan ein vel eigentleg vente seg so tidleg, nei det er berre å fortsette J Eg har no kjøpt meg skrivar og ekstra dyne i dag og, so no blir eg forhåpentlegvis frisk (varm) og smart! Ja, butikkane er forresten åpne på søndaga her, det er rart!


Eg reiste forresten hit med mammaen min, det var kjekt. Bestefaren min døde dagen før eg begynte på universtitet, eg har vore ein tur heimeom på grunn av det, og eg møtte igjen det nydelige tantebarnet mitt. Derfor kjem det nokre bilder frå Norge, også landskapet av Norge og England- sjekk forskjellen!
Eg har allerede hatt besøk frå Norge! :) Av Sindre (som eg budde med på Bali) og Malin(kjærasten til Sindre, det var kjekt!

Det er eit idrettssenter her som har buldrehole, klatrevegg, symjebasseng, to etasjar med alt frå tredemøller til frivekter, squashbaner, tennisbaner, badmintonbaner, studie som blir brukt til saltimer og ein del meir. Uteområdet er flott her. Været er som i Bergen, mykje regn!
Plutselig var det eit marked midt på universitet der me kunne kjøpe blant anna blomster, armeband og kake. Mykje som skjer her! Alltid! Eg legger med ein del bilde, for dei kan fortelje meir enn det er vil bruke tida mi på her. Eg har det i allefall bra folkens, ikkje vits å bekymre segJ





























onsdag 20. juni 2012

Sommarferie!

Sommaren er komen. Den me draumer om heile hausten, i kulda, i mørket, i snøstormen, på våren når det lyser opp og me ventar på ein ferie som varar lenge. Me draumer om ein ferie som inneheld varme, solfylte dagar, grilling, gode venner, tid til å gjere det ein akkurat vil som å gå i fjellet, vere på hytta, reise til syden osv. Eg har tenkt å ta fri frå blogginga i sommar, men begynner på igjen til hausten. Er derimot på instagram, der eg legg ut bilder av dagane mine og kjekke opplevingar. Følg meg gjerne der:)
HA EIN STRÅLANDES FIN SOMMAR :D

søndag 27. mai 2012

Skape seg sjølv lykke

Et lykkelig menneske er en som skaper seg selv lykke.

Det finnes ikke bedre skjønnhetsmiddel enn lykke.

Vi finner ikke lykken, vi skaper den.


Det er litt lite blogging om dagen, men slik er det oppi eksameslesing og mykje tid som heller blir brukt ute i den nydelige sola :) Etter inspirasjon får johanna blei det litt blogging om lykke i dag :) 

lørdag 19. mai 2012

Me er det me trur

Tru at du klara det, so er halve jobben gjort

Første eksamen unnagjort, kun to igjen. Legger med bilder frå frukosten på 17 mai (var på Rica Nidelven igjen, som på bursdagen min, fekk blant anna servert smoothie, nypressa appelsinjus og kaffe på bordet i tillegg til det enorme buffeen), lesing (tankekart er blitt den store favoritt), ny variant av neglelakken, vin og fruktkvelden med Linda og Sogndalkamp på tven, kvelds og studieplan for kommande veke. I morgon er det duka for lesing igjen, og slik kjem det til å gå slag i salg fram til kommande torsdag. Gleder meg sånn til å sove lenge på neste fredag! Spel av musikken og sjå på bilda som eg har teke i det siste. Legger med mange bunadbilder, for eg tykkjer det er so stas å gå i den flotte sognebuanden min :)