søndag 27. mai 2012

Skape seg sjølv lykke

Et lykkelig menneske er en som skaper seg selv lykke.

Det finnes ikke bedre skjønnhetsmiddel enn lykke.

Vi finner ikke lykken, vi skaper den.


Det er litt lite blogging om dagen, men slik er det oppi eksameslesing og mykje tid som heller blir brukt ute i den nydelige sola :) Etter inspirasjon får johanna blei det litt blogging om lykke i dag :) 

lørdag 19. mai 2012

Me er det me trur

Tru at du klara det, so er halve jobben gjort

Første eksamen unnagjort, kun to igjen. Legger med bilder frå frukosten på 17 mai (var på Rica Nidelven igjen, som på bursdagen min, fekk blant anna servert smoothie, nypressa appelsinjus og kaffe på bordet i tillegg til det enorme buffeen), lesing (tankekart er blitt den store favoritt), ny variant av neglelakken, vin og fruktkvelden med Linda og Sogndalkamp på tven, kvelds og studieplan for kommande veke. I morgon er det duka for lesing igjen, og slik kjem det til å gå slag i salg fram til kommande torsdag. Gleder meg sånn til å sove lenge på neste fredag! Spel av musikken og sjå på bilda som eg har teke i det siste. Legger med mange bunadbilder, for eg tykkjer det er so stas å gå i den flotte sognebuanden min :)
 








tirsdag 15. mai 2012

Følelse av meistring

Har du nokon gong opplevd den fantastiske følelsen som DU får etter å ha meistra noko som du har jobba hardt og målretta etter ei lang stund? Det er den beste følelsen i verda! I det siste har eg gjort endringar i kvardagen min, og plutselig berre løsna alt på ein og same dag. Eg berre seie det, den følelsen er ubeskrivelig!:) Skulle gjerne teke vare på følelsen i ein boks, og slept den ut når eg trengte det, men eg har ein anna ide. No er det berre å sette nye mål, for har ikkje ord på kvar godt det er å nå dei. Det beste må vere å sette utfordrande mål, for desto vanskelegare måla er, dess betre er følelsen av meistring når du endeleg klarar det.
 

I dag må eg ta med noko klokt som eg høyrte på ein serie for ikkje mange dagar sia:
"Om du over lengre tid gjere noko som ikkje er bra for deg sjølv (negative tankar, lite trening, usunn mat etc.) er det vanskeleg å gjere ein endring, men det gjere deg MYKJE BETRE om du klarar å gjere endringa. Om du fortsetter som før vil du oppleve at den jamne smerta blir verande, kva godt kjem utav det?"

lørdag 12. mai 2012

Dårlege dagar

Det var ein veldig klok mann som ein gang sa til meg at om eg hadde ilt i den eine foten skulle eg klappe på den andre å seie at det var bra at den var frisk. For jammen har me det godt her i landet, den tryggheita, alle muligheitane framfor oss, eg har ein heilt fantastisk familie og mange venner som er her for meg uansett kva som skjer! Tenk so heldig er eg, men likevel kan eg ha ein dårlege dagar. Nei, eg må snu litt på dei tankane. Eg har godtatt at eg har hatt dårlege dagar, men no er det nok! Heldigvis kom eg i kveld på kva den kloke mannen sa til meg, han har rett. Det er viktig å fokusere på det som er bra, det ein alt for ofte tek for gitt.
Dette bildet tok eg i fjor sommar. 
For halvanna år sidan blei eg satt heilt ut av kvardagen min, eg blei hardt ramma av kyssesjuka. Eg blei blant anna ekstremt slapp, mysta all motivasjon til å vere sosial, til å trene, til å komme meg ut av huset, og jammen var eg stolt når eg klarte å komme meg utav den onde sirkelen der. Men eg klarte det, og det har eg tenkt på i kveld når eg stoppa opp i 5 minuttar. For eg klarte det! :) Eg må slutte å vere so streng med med meg sjølv, slutte å ha so høge forventninger, for jammen har eg det utrulig bra slik eg lev livet mitt! 
Det er veldig rart å skrive om dette her. Eg gjere det for kanskje er det du som har hatt nokon dårlege dagar eller ein trang til å gjere ein endring som du ikkje heilt har klart å begynne på. Kanskje du blir bevisst og inspirert til å tenke over dei gode tinga i livet ditt, eller at du endelig er klar for å gjere ein endring? Det er ikkje noko lettare å begynne i måro, so grip sjangsen å begynn i dette minutt :) Legg gjerne igjen ein kommentar om du har kommentar eller meining til dette innlegget.

«When life gives you a hundred reasons to cry, show life you have a thousand resans to smile»


Ikkje myst håpet


Jeg vil be dere om å ikke miste håpet.
Mange tror at mot er å bruke knyttnevene mot hverandre og spille helt.
Det er ikke mot.
Mot er å være viljesterk og å streve for å nå målene sine, selvom man må tåle mye smerte.
Vi må bygge opp slikt mot.
-Aung San Suu Kyi 2011

fredag 11. mai 2012

Du er ikkje aleine

Når du har flytta til ein ny plass, og du ikkje kjenner nokon, sitter det ein ubehagelig følelse i kroppen første perioden. Eller når du står framfor spegelen og ingenting stemmer akkurat den dagen. Den kvalme, ekle følelsen som du berre har lyst å kaste ut glaset, men som berre prenter seg langt inni hovudet ditt og blir som ein veps som svirrar i nærheita når du er ute i sola. Du følger automatisk med på om: "kjem vepsen nærmare no?" "Reiser den snart?" Ein ønsker jo at vepsen skal fly vekk. Akkurat som med den kvalme følelsen som eg snakka om tidlegare- skulle ønske den flaug vekk. Her er det ustabilt med følelsar om dagen, men kvifor skal eg bruke tida på dei? Er som om vepsen er like i nærheita, noko eg konstant føgjer med på. Eg tykkjer det er hardt med slike dager. No prøver eg å finne ein balansen der eg ikkje skal bry meg om vepsen, sjølv om den av og til kjem nærmare. Det gjere jo ikkje noko at vepsen er der, men ein kan ikkje la fokuset vere på den heile tida. Litt av grunnen til at eg skriver dette er for å gjere deg bevisst om at det er normalt og føle seg litt aleine med tankar og følelsar. Eg håpar at du skjønnar at alle har eit eller anna dei tenker på, som gjerne skulle vore annerledes eller betre. Du er ikkje aleine om det du tenker, for me er mange som tenker akkurat det same (sjølv om det ikkje det er dette me roper høgast ut om).
Ønsker deg ei riktig god helg! :)
Foto veps

mandag 7. mai 2012

Overraskelsesbesøk

I går kom ei venninne på overraskelsesbesøk :D Kom innom med to kompiser for å gi meg ein blomst! Bildet av blomsten til høgre. Dei var ute å gjekk tur og fant ut at dei ville innom for å glede meg ein blomst og fine smil, noko dei verkeleg klarte! :) Det er so kjekt med slike små gleder! Det beste sitatet eg veit om er:
"Gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg."
Legger med ein sang av Jarle Bernhoft.

søndag 6. mai 2012

May Be

Her er det helg, men tida går likevel til mykje lesing. Etter kl 19.00 på kveldane er det arta for sosiale innslag. Var med nokon venninner som eg var med på Bali på fredag, der me såg the voice og kosa oss med sushi og smågodt:) Dagen i dag har bestått av lesing på biblioteket i mange timar, og endelig sosialt med min kjæraste sambuar!:D Eg og ho skal berre bu ilag i ein månad til, so her må me bruke alle ledige stunder som er! Som de høyrer har helga bestått av ekte kvalitetstid!!(I allefall etter kl 19.) Herlig! Legger med eit bilde som eg tok etter alt for mange timars lesing. Merk! Sitter på golvet og jobber på stovebordet, for her må ein vere kreativ om ein skal orke å konsentrer seg heime med alle mulige uromoment like i nærheita.
FORRESTEN! Eg har fått ny mal på bloggen min, håpar du likar den!?

Legger med ein heilt nydelig sang. Eg elsker den følelsen eg får etter eg er ferdig å trene, der eg verkeleg har fått brukt kroppen min og det i tillegg er helg- då har eg ein oppriktig lykkefølelse! Den herligaste sangen eg då høyre på er May Be av Yiruma. Ta igjen augene, stopp opp i 4 minutt og tenk over kor bra du eigentleg har det! :)

"Å vere sterk er ikkje
- å sprige raskast
- å hoppe lengst
- eller å løfte tyngst.

Å vere sterk er ikkje
- alltid å vinne
- alltid å ha rett
- eller alltid vite best.

Å vere sterk er
- å sjå lyset når det er som mørkast
- slåss for noko ein trur på sjølv om ein ikkje har krefter igjen
- sjå sannheita i augene sjølv om den ofte er hard."


onsdag 2. mai 2012

Korleis du tek det?

Som de kanskje veit so går mykje av tida mi til å lese om dagen. Skulle ønske det var slik at eg var fullt konsentrert om det som står i teksten, men etter eit par timer og med mange timar igjen svirrar tankane mine langt av garde. I det siste har det vore på: korleis eg kan lage frisk og god mat. Her kjem det bilder av kva eg har laga i det siste. I dag las eg eit heilt glitrande sitat i pedagogikken.
"Det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det."


Kyllingburger (2 pers.):
400 gram kyllingkjøttdeig
2 bitar kvitløk
1 chili (utan frø)
salt og peppar
1/2 paprika
12 skiver agurk
4 Salatblader
4 Grove hamburgerbrød
Bland kyllingkjøttdeigen, opphakka kvitløk og chili i ein bolle. Tilsett salt og peppar etter behov. Form blandingen som nokon kjøttkaker og steik dei godt på begge sider. Eg brukte salatblad, agurk og paprika på hamburgaren. Dei grove hamburgerbrøda varma eg i brødristaren før det blei servert sunn og god hamburger. Anbefalast på det sterkaste :)












I dag skulle eg på spinn intervall 2, men instruktøren hadde misforstått og var på ein av dei andre treningssentera. Det var likevel ikkje ein stoppar for oss 40 personane som hadde møtt opp! Ei fant fram musikk, ei skrudde ned lyset og vips var me i full gang med ei individuell økt. Der var mange som pusta tungt, svetta og fekk ei veldig god treningsøkt tross manglande instruktør. Kjekt at samtelege berre hang seg på og køyrte sitt eige løp når det plutseleg ikkje var en organisert time. Artig opplevelse :)
Når eg kom heim lagde eg smoothie. Blanda ein heil haug med bær (skogsbær, blåbær, bringebær og jordbær), banan, litt vaniljeyoghurt og bringebærsaft. Knallgodt og mektig!