søndag 29. april 2012

Helg

Her suser dagane fortsatt av gårde med mykje lesing og nervene har heldigvis roa seg litt for kva planane er til hausten. Sogndal sitt fotballag er i storform om dagen, og vant fantastiske 2-1 mot Molde på heimebane i går!! Feira det heile med ein nydelig god brownies.





Oppskrift på Balijentene browniesen:
200 g mørk sjokolade
200g smør
3 store egg
3 ts vaniljesukker
2 dl sukker
4 dl kveitemjøl
1,5 dl hakka mandlar
200 g (fryste eller friske) bringebær (eg brukte skogsbærblanding i brownesen på bildet)
Smelt sjokoladen og smøret i vannbad. Avkjøl litt. Visp egg, vaniljesukker og sukker til eggedosis. Rør forsiktig inn mjøl, mandlar, sjokolade og smørblandinga og halvparten av bæra. Resten av bæra kan varmast og brukast som saus.
Hell i ein smurt, rund kakeform. Steik kaka på nederste rille i omnen ved 180 grader i 35 min. 






Havregrynpannekaka er heilt nydelige! Einaste eg har i røra er havregryn, gresskarkjerne, mandalar og vatn. La det trekke i 15 min, før eg steiker det som ei pannekake. Veldig godt, sundt og er utrulig lettvindt om du har det travelt på morgonkvisten.

Nytt forsøk på å lage ein kul sveis. Lykkast?


Meir lesing. Har farga neglene igjen, for å føle litt vårstemning tross mykje lesing (for mykje inne) på både bibliotek, heime, ute og med kollokviegruppe.
Eg og Ingunn ser den drålegaste filmen ever! Godt å kunne kose seg ilag med gode venner tross mykje eksamensstress! 
Detta er so sant detta! Eg skal ikkje bruke meir tid på å bekymre meg om eksamen eller kva eg skal til hausten, det som skjer det skjer. Får heller gjere noko med det, lese til eksamen, og bruke resten av tida mi på å ha det kjekt med andre ting! Dette bør du og hugse på no i eksamenstida! :)


tirsdag 24. april 2012

Inspirasjon

Her er det eksamenstress, og det store spørsmålet om kvar eg skal studere til hausten surrar konstant i hovudet. Eg skriv vanlegvis om positive ting, men no er eg rett og slett forvirra og stressa. Droppar samtlege ting for å ha hovudet og tankane langt nedi bøker eller i mailer og lesing om skular. Men nok om dette, eg må fortelje om venninna mi som inspirerte meg på søndag.
Ho er oppteken med både ISFIT, sjef for ein festplass på skulen (som ho nyleg har pussa opp!!) og på søndag var eg på konsert med ho. Ho speler fiolin i eit orkester i tillegg til at ho synger og det er nydeleg vakkert! Eg blir so inspirert over at ho får med seg so mykje, for i tillegg er ho student, veldig sosial og flink til å ta vare på vennskap og seg sjølv. Det som er ekstra inspirerande er at ho bruker halvanna time kvar mandag for å vedlikehalde og gjerne forbetre fiolinferdigheitane sine, for deretter å holde konsert på ein kafe med ein del av dei i orkesteret. Det var 10 stk som var med i orkesteret og me var kanskje 25 personer i den delen av cafeen som fekk med oss denne herlige konserten. Tenk so fantastisk at ho fant det meiningsfylt å bruke tida si på dette! Eg satser gjerne 120 % inn for ein ting, bruker samtlege av tida mi på det, men får ikkje med meg like mange ting i kvardagen min. Sjølv om eg har det bra, so trur eg faktisk at dette er noko eg vil ta med meg. Heilt glitrande å kunne gjere noko som ein elskar utan å satse fullt, holde dei største konsertane, bruke all tida eller gjere det tyngst mulig. 
Legger med dette skiltet her. Tykkje det er so flott! Sjølv klarer eg ikkje heilt å leve opp til det om dagen, men på gode dager gjere eg det. Og eg gleder meg til eg føler at dette skiltet er med meg på enkelte dagar!

lørdag 21. april 2012

Heia Sogndal :)

Her er det mykje innhald i dagane. På dagtid går det i lesing (snart eksamen!!) eller skule, og på kveldane er eg med herlige venninner. Eg har feira bursdagen tre kvelder, og er veldig heldig som har so mange fantastiske personer i livet mitt som har lyst å feire meg! Det beste eg veit om personlege gåver! Kort er akkurat det, og eg har fått mange:)! Tenk so fint å kunne få fullt av gode ord på eit kort som eg kan ta fram å lese akkurat når det passer meg:) Det er koselig det! Litt stell driv eg som normalt med, legger med under og etter resultat. Godt å kunne stelle med seg sjølv. Elles vant Sogndal 2-0 over Vålerenga i går. Stolt sogning her! :) Nyt helga alle sammen :)
" Gi deg sjølv tid til å leve, for tida gir deg det ikkje"


onsdag 18. april 2012

Sol i Trondheim

Speilreflekskameraet er teke fram, so her kjem det ein del bilder. Har endeleg funnet ein sti i Trondheim:) Eg tek bilder av dei vakraste små detaljane og stopper opp for å nyte dei små augenblikka i livet. Våren er heilt fantastisk! Når det blir varme her oppe blir det ekstra bra!  Gleder meg til å gå utan jakke mens sola varmer. Håper du har vår der du er! Venninna mi som er med på bilda, er ei heilt unik jente som  gjorde bursdagen min heilt perfekt! :) 


tirsdag 17. april 2012

Bursdag :D

Eg har bursdag og eg elskar bursdager! :) Då er det MIN-dag. Det er kjekt det! :D:D Hadde overnattingsbesøk av ei venninne. Stod opp kl 06.15 der eg vakna til eit nydeleg brev frå min kjære sambuar:) Ville stå opp tidleg slik at dagen varte lengst mulig! :) Presangen innholdt peng som skulle gå til å fullføre drømmen om fallskjermsertifikat. Deretter var det på Nideleven hotell (https://www.rica.no/hoteller/norge/midt-norge/trondheim/rica-nidelven-hotel/mat-og-drikke/) med ei herlig venninne som hadde med fleire pakkar og nydelig kort til meg. Her kom servitørane med både nypressa appelsinjus, sjokolade, kaffe osv. I tillegg var det ein eigen kokk der som lagde omelettar som ein ønskte, og det var ein som stod å lagde ulike kaffe og kakaodrikker til oss. Her var det berre å bestille, og ein fekk alt som ein kunne ønske seg. Følte meg som ei prinsesse her, veldig veldig kjekt:) So bar det på skulen, gjennomførte to framføringar frå praksis, fekk mykje oppmerksomheit, mange klemmar og gratulasjoner. Der i frå gjekk turen heim for å lage middag og til dessert fekk eg brownies og kake av nokon herlige venninner! Opna utrulig mange pakker, og var berre heilt strålandes fornøgd! 
Deretter kom enda ei venninne, og uten at eg veit om ho liker det eller ei, so skrive eg inn kva pakken var i frå ho. 
   Oppe i ei fin øskje låg dette og mange andre bilder av oss. På baksida av dette bilde stod det: "I denne boksen finne du noen ting som beskriver deg og mine opplevelser av deg. Du bobler av glede som en stratos. Hvis dagen min er trist og lei, lyser du den opp med ditt varme smil! Du beskytter meg som et kondom og redder ofte dagen som en tyggis på en dag med dårlig ånde. Du sprudler som et glass med champange, og er like vakker som en blomst. Du er en av mine stjerner som lyser opp i mørket og du har et hjerte av gull. Men best av alt- du er full av kjærlighet. <3 Jeg er glad i deg! "
Eg fekk alle tinga som er merka av dei utheva orda. Det  er den mest gjennomtenkte pakken eg har fått! Eg blei berre so glad eg!!:D Tusen tusen takk!
Deretter såg me skjønnheiten og udyret (ein film eg fekk i bursdagspakke i dag.)

Takk til alle som har hugsa og vore med på å gjort bursdagen min til ein unikt bra dag!! :D Den har verkeleg vore heilt strålandes!

søndag 15. april 2012

Påske draum

Her kjem litt frå påska mi. Den har vore betre enn eg hadde drøymt om, og då kan du no berre tenke deg kor bra den har vore! Eg har vore på mange gå- og joggeturar, vore med mine herlige familiemedlemmer og gode venner, ete alt for mykje god mat, klypt trea til besta, sykla med hunden til søstera mi, laga bål, spikka pinnar og ete pølse med pinnebrøddeig og vore konstant i sola som har varma so godt! Er lite med oppdateringar her om dagen. Derfor legger eg heller ut ein haug med bilder og faktisk laga min første videosnutt frå treklyppinga med mamma og pappa:) Berre seie det, sjekk fjella og fjorden i bakgrunnen av filmen! Her kjem eg i frå!:) 









torsdag 5. april 2012

Vår og sol

Her går det unna, og påska er hermed den beste ferien eg veit om. Her heime er vegane bare, fjella er høge, lufta er fin og rein og sola skin sånn ein har drømt om!  Eg kjenner at teknologi er det godt og vere utan. Dagane blir i staden fylt med gåing dit eg skal, brettspel, bøker, sudoku, fjellturar kvar einaste dag, lang tid med bordet til kvart måltid og mykje tid til å vere med familie og venner. Dagen i dag har bestått av fleire timars lang frukost der 6 familiemedlemmar snakka og lo. Etterpå bar det på joggetur med to av søstrene mine, og pulsen har nok bombesikkert nådd maks- utrulig hardt, men heilt ekstremt kjekt på vegen ned-/heimatt. No blir det dusjing, brettspel: ticket to ride Europe og idiotkunnskap før me skal ete middag hos besta i ettermiddag. Nyt påska! Ta deg fri frå det du elles driv med, drit i dårleg samvittigheit og berre nyt livet med det som gjere DEG glad!! :)