søndag 26. februar 2012

Kvalitetstid

Har hatt ei heilt fantastisk helg med storesøstera mi. Innhaldet var mykje dei to dagane ho var i byen. Då gjaldt shopping, brettspel – konkurranseinstinktet slo sjølvsagt inn(!), tid på kafé, somling, sushi, stirring på mennesker som går forbi, reker, vin, sitting i sola, trening, lang tid med frukostbordet, dessert, brettspel igjen (konkurranseinstinktet eksploderte denne gangen) og mykje søvn.
Dagens sitat frå eldstesøstera: "Det beste er å vere rusa på livet, for då treng ein ikkje vere rusa på rus."


 FAMILIE- tiltaket av kjærligheit er å elske utan mål. 


fredag 24. februar 2012

Herleg start på ein fredag :)


Når ringeklokka dura i dag tidleg var motivasjonen for å stå opp særs liten. Etter at eg kom meg ut av senga bar det på trening. Gleda for at eg hadde stått tidleg opp kom verkeleg mens eg satt på spinningsykkelen. Det å kjenne blodet pumpe rundt i kroppen, og følelsen av at ein verkeleg får brukt kroppen - det er deilig det! Framfor meg satt det ein person med ei t-skjorte der det stod: Min medisin er fysisk aktivitet. Det var som eg skulle sagt det sjølv! J

Glitrande budskap frå Norsk Fysioterapeutforbund- NFF.

 

torsdag 23. februar 2012