Her kjem litt frå påska mi. Den har vore betre enn eg hadde drøymt om, og då kan du no berre tenke deg kor bra den har vore! Eg har vore på mange gå- og joggeturar, vore med mine herlige familiemedlemmer og gode venner, ete alt for mykje god mat, klypt trea til besta, sykla med hunden til søstera mi, laga bål, spikka pinnar og ete pølse med pinnebrøddeig og vore konstant i sola som har varma so godt! Er lite med oppdateringar her om dagen. Derfor legger eg heller ut ein haug med bilder og faktisk laga min første videosnutt frå treklyppinga med mamma og pappa:) Berre seie det, sjekk fjella og fjorden i bakgrunnen av filmen! Her kjem eg i frå!:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar