torsdag 5. april 2012

Vår og sol

Her går det unna, og påska er hermed den beste ferien eg veit om. Her heime er vegane bare, fjella er høge, lufta er fin og rein og sola skin sånn ein har drømt om!  Eg kjenner at teknologi er det godt og vere utan. Dagane blir i staden fylt med gåing dit eg skal, brettspel, bøker, sudoku, fjellturar kvar einaste dag, lang tid med bordet til kvart måltid og mykje tid til å vere med familie og venner. Dagen i dag har bestått av fleire timars lang frukost der 6 familiemedlemmar snakka og lo. Etterpå bar det på joggetur med to av søstrene mine, og pulsen har nok bombesikkert nådd maks- utrulig hardt, men heilt ekstremt kjekt på vegen ned-/heimatt. No blir det dusjing, brettspel: ticket to ride Europe og idiotkunnskap før me skal ete middag hos besta i ettermiddag. Nyt påska! Ta deg fri frå det du elles driv med, drit i dårleg samvittigheit og berre nyt livet med det som gjere DEG glad!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar