Her er det eksamenstress, og det store spørsmålet om kvar eg skal studere til hausten surrar konstant i hovudet. Eg skriv vanlegvis om positive ting, men no er eg rett og slett forvirra og stressa. Droppar samtlege ting for å ha hovudet og tankane langt nedi bøker eller i mailer og lesing om skular. Men nok om dette, eg må fortelje om venninna mi som inspirerte meg på søndag.
Ho er oppteken med både ISFIT, sjef for ein festplass på skulen (som ho nyleg har pussa opp!!) og på søndag var eg på konsert med ho. Ho speler fiolin i eit orkester i tillegg til at ho synger og det er nydeleg vakkert! Eg blir so inspirert over at ho får med seg so mykje, for i tillegg er ho student, veldig sosial og flink til å ta vare på vennskap og seg sjølv. Det som er ekstra inspirerande er at ho bruker halvanna time kvar mandag for å vedlikehalde og gjerne forbetre fiolinferdigheitane sine, for deretter å holde konsert på ein kafe med ein del av dei i orkesteret. Det var 10 stk som var med i orkesteret og me var kanskje 25 personer i den delen av cafeen som fekk med oss denne herlige konserten. Tenk so fantastisk at ho fant det meiningsfylt å bruke tida si på dette! Eg satser gjerne 120 % inn for ein ting, bruker samtlege av tida mi på det, men får ikkje med meg like mange ting i kvardagen min. Sjølv om eg har det bra, so trur eg faktisk at dette er noko eg vil ta med meg. Heilt glitrande å kunne gjere noko som ein elskar utan å satse fullt, holde dei største konsertane, bruke all tida eller gjere det tyngst mulig.
Legger med dette skiltet her. Tykkje det er so flott! Sjølv klarer eg ikkje heilt å leve opp til det om dagen, men på gode dager gjere eg det. Og eg gleder meg til eg føler at dette skiltet er med meg på enkelte dagar!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar