søndag 29. april 2012

Helg

Her suser dagane fortsatt av gårde med mykje lesing og nervene har heldigvis roa seg litt for kva planane er til hausten. Sogndal sitt fotballag er i storform om dagen, og vant fantastiske 2-1 mot Molde på heimebane i går!! Feira det heile med ein nydelig god brownies.





Oppskrift på Balijentene browniesen:
200 g mørk sjokolade
200g smør
3 store egg
3 ts vaniljesukker
2 dl sukker
4 dl kveitemjøl
1,5 dl hakka mandlar
200 g (fryste eller friske) bringebær (eg brukte skogsbærblanding i brownesen på bildet)
Smelt sjokoladen og smøret i vannbad. Avkjøl litt. Visp egg, vaniljesukker og sukker til eggedosis. Rør forsiktig inn mjøl, mandlar, sjokolade og smørblandinga og halvparten av bæra. Resten av bæra kan varmast og brukast som saus.
Hell i ein smurt, rund kakeform. Steik kaka på nederste rille i omnen ved 180 grader i 35 min. 






Havregrynpannekaka er heilt nydelige! Einaste eg har i røra er havregryn, gresskarkjerne, mandalar og vatn. La det trekke i 15 min, før eg steiker det som ei pannekake. Veldig godt, sundt og er utrulig lettvindt om du har det travelt på morgonkvisten.

Nytt forsøk på å lage ein kul sveis. Lykkast?


Meir lesing. Har farga neglene igjen, for å føle litt vårstemning tross mykje lesing (for mykje inne) på både bibliotek, heime, ute og med kollokviegruppe.
Eg og Ingunn ser den drålegaste filmen ever! Godt å kunne kose seg ilag med gode venner tross mykje eksamensstress! 
Detta er so sant detta! Eg skal ikkje bruke meir tid på å bekymre meg om eksamen eller kva eg skal til hausten, det som skjer det skjer. Får heller gjere noko med det, lese til eksamen, og bruke resten av tida mi på å ha det kjekt med andre ting! Dette bør du og hugse på no i eksamenstida! :)


1 kommentar:

  1. So mange fine bilder! Veldig kjekt å sjå.
    Den pannekaka såg spennande ut, spørs om ikkje eg skal prøve å overtale deg til å lage ei slik til meg i sommar :)

    Du var kjempefin på håret, frisyren såg spesielt fin ut på dei bilda som viser fletta på bakhovudet! Du er kreativ :)

    SvarSlett