fredag 11. mai 2012

Du er ikkje aleine

Når du har flytta til ein ny plass, og du ikkje kjenner nokon, sitter det ein ubehagelig følelse i kroppen første perioden. Eller når du står framfor spegelen og ingenting stemmer akkurat den dagen. Den kvalme, ekle følelsen som du berre har lyst å kaste ut glaset, men som berre prenter seg langt inni hovudet ditt og blir som ein veps som svirrar i nærheita når du er ute i sola. Du følger automatisk med på om: "kjem vepsen nærmare no?" "Reiser den snart?" Ein ønsker jo at vepsen skal fly vekk. Akkurat som med den kvalme følelsen som eg snakka om tidlegare- skulle ønske den flaug vekk. Her er det ustabilt med følelsar om dagen, men kvifor skal eg bruke tida på dei? Er som om vepsen er like i nærheita, noko eg konstant føgjer med på. Eg tykkjer det er hardt med slike dager. No prøver eg å finne ein balansen der eg ikkje skal bry meg om vepsen, sjølv om den av og til kjem nærmare. Det gjere jo ikkje noko at vepsen er der, men ein kan ikkje la fokuset vere på den heile tida. Litt av grunnen til at eg skriver dette er for å gjere deg bevisst om at det er normalt og føle seg litt aleine med tankar og følelsar. Eg håpar at du skjønnar at alle har eit eller anna dei tenker på, som gjerne skulle vore annerledes eller betre. Du er ikkje aleine om det du tenker, for me er mange som tenker akkurat det same (sjølv om det ikkje det er dette me roper høgast ut om).
Ønsker deg ei riktig god helg! :)
Foto veps

2 kommentarer:

  1. Eg kjenner til vepsen som du snakka om. Den som surrer rundt og irriterer. Kanskje du oppdaga at den flyr litt lenger vekk med tida, så kjem den nærmare og så flyr den lenger vekk igjen. Den vil nok alltid vere der ein plass, mn ikkje alltid innanfor rekkevidde. Hold ut, du er super uansett!

    I wish you the best of luck!
    Glad i deg :*

    SvarSlett
  2. Hei Johanna :)

    Takk for gode ord! Det er nettopp det at "vepsen" alltid vil vere i nærheita, det er det å lære seg å ikkje fokusere på den.

    Glad i deg! <3

    SvarSlett