"Det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det."
Kyllingburger (2 pers.):
400 gram kyllingkjøttdeig
2 bitar kvitløk
1 chili (utan frø)
salt og peppar
1/2 paprika
12 skiver agurk
4 Salatblader
4 Grove hamburgerbrød
Bland kyllingkjøttdeigen, opphakka kvitløk og chili i ein bolle. Tilsett salt og peppar etter behov. Form blandingen som nokon kjøttkaker og steik dei godt på begge sider. Eg brukte salatblad, agurk og paprika på hamburgaren. Dei grove hamburgerbrøda varma eg i brødristaren før det blei servert sunn og god hamburger. Anbefalast på det sterkaste :)
I dag skulle eg på spinn intervall 2, men instruktøren hadde misforstått og var på ein av dei andre treningssentera. Det var likevel ikkje ein stoppar for oss 40 personane som hadde møtt opp! Ei fant fram musikk, ei skrudde ned lyset og vips var me i full gang med ei individuell økt. Der var mange som pusta tungt, svetta og fekk ei veldig god treningsøkt tross manglande instruktør. Kjekt at samtelege berre hang seg på og køyrte sitt eige løp når det plutseleg ikkje var en organisert time. Artig opplevelse :)
Når eg kom heim lagde eg smoothie. Blanda ein heil haug med bær (skogsbær, blåbær, bringebær og jordbær), banan, litt vaniljeyoghurt og bringebærsaft. Knallgodt og mektig!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar