Det var ein veldig klok mann som ein gang sa til meg at om eg hadde ilt i den eine foten skulle eg klappe på den andre å seie at det var bra at den var frisk. For jammen har me det godt her i landet, den tryggheita, alle muligheitane framfor oss, eg har ein heilt fantastisk familie og mange venner som er her for meg uansett kva som skjer! Tenk so heldig er eg, men likevel kan eg ha ein dårlege dagar. Nei, eg må snu litt på dei tankane. Eg har godtatt at eg har hatt dårlege dagar, men no er det nok! Heldigvis kom eg i kveld på kva den kloke mannen sa til meg, han har rett. Det er viktig å fokusere på det som er bra, det ein alt for ofte tek for gitt.
 |
| Dette bildet tok eg i fjor sommar. |
For halvanna år sidan blei eg satt heilt ut av kvardagen min, eg blei hardt ramma av kyssesjuka. Eg blei blant anna ekstremt slapp, mysta all motivasjon til å vere sosial, til å trene, til å komme meg ut av huset, og jammen var eg stolt når eg klarte å komme meg utav den onde sirkelen der. Men eg klarte det, og det har eg tenkt på i kveld når eg stoppa opp i 5 minuttar. For eg klarte det! :) Eg må slutte å vere so streng med med meg sjølv, slutte å ha so høge forventninger, for jammen har eg det utrulig bra slik eg lev livet mitt!
Det er veldig rart å skrive om dette her. Eg gjere det for kanskje er det du som har hatt nokon dårlege dagar eller ein trang til å gjere ein endring som du ikkje heilt har klart å begynne på. Kanskje du blir bevisst og inspirert til å tenke over dei gode tinga i livet ditt, eller at du endelig er klar for å gjere ein endring? Det er ikkje noko lettare å begynne i måro, so grip sjangsen å begynn i dette minutt :) Legg gjerne igjen ein kommentar om du har kommentar eller meining til dette innlegget.
«When life gives you a
hundred reasons to cry, show life you have a thousand resans to smile»
Hilde!
SvarSlettLika innstillinga di!
Du har vore gjennom mykje, og at du i dag ser tilbake på det du har opplevd og ser at du kom ut av sirkelen og at du har all grunn til å vere superstolt av det seier meg at du har lært og blitt sterkare av det du har opplevd! Di innstilling er beundringsverdig, å sjå at det er mykje å vere taknemlig når ein har dårlige dagar krev ei utrulig styrke! Og det har du i deg!
Eg er stolt av deg! Og veldig glad i deg :)
Min kjære! Du er sterkere enn du tror, jeg er fantastisk glad for å ha blitt kjent med deg- takk for turen i dag, du inspirerer meg virkelig :) Det er i motbakke det går oppover, og sammen når vi skyene!
SvarSlettTakk for utrulig fin kommentar!
SlettSaman når me skyene! <3