lørdag 31. mars 2012

Endelig er eg i påskesola:)


Etter å ha levert inn oppgåver i både samfunnsfag, PEL, matematikk og logg til praksislærar tok eg påskeferie. Først blei hybelen vaska grundig og godt, so bar det på spinning og tacokveld med herlige jenter før eg reiste frå regnfylte Trondheim. Nattbussen var framkomstmiddelet og det førte til at eg var vaken mange lange stunder. Det gjorde ikkje noko so lenge eg kom heim til solfylte Sogndal:)

Her har det det skjedd mykje dei timane eg har vore heime.
Har vore på fotballkamp, på aldersheimen, hos besta å ete graut, på spasertur med ei utrulig god venninne, på fjelltur med mamma, på turen ned igjen jogga eg ein lengre veg heim, dusja, fekk kvelds etter at eg kom ut av dusjen og tidleg i seng. Det er jammen herlig med fjell og fjord utanfor huset! Lite trafikk ikkje minst! Kjekt å møte kjentfolk over alt. Det er heller ikkje feil å kunne sette seg ned til duk og dekka bord på både frukost, middag og kvelds. Blir nok ikkje ei vane, men nyter det so lenge det varer! Ønsker deg ein riktig god ferie! 
Sånn utsikten hadde me på tur:) 

1 kommentar:

  1. Det blir fort travelt for me er mange som er SÅ glad for at du er tilbake i bygda :D
    Creds til deg som reiste ut igjen etter me gjekk tur! Spreking!

    SvarSlett