torsdag 8. mars 2012

Besøk av venner

"Gode venner er som stjerner,
det er ikkje alltid du ser dei,
men du veit at dei er der."


Det er eit fint ordtak som passer godt til gode venner. Tingen er likevel at ein må hugse på viktige dagar og ting i livet til personen du bryr deg om. Ein må pleie vennskapet jamt og trutt. Det som har skjedd meg sia sist er at to nydelige venninner har komt til byen på overraskelsesbesøk!! Det er veldig kjekt. Heile gjengen er samla, og kvalitetstida er gull verdt. I løpet av dei neste dagane skal me få oppleve mange sprell som seinare vil bli til verdifulle minner!
Hugs å ta vare på dei du er glad i. Det er ikkje alle vennskap som varer over lengre periodar, ta derfor ikkje dei personane som du har i kvardagen som ei sjølvfølge. Det er viktig å hugse på kvarandre når den motsatte trenger det som mest, gi kompliment om du meina at noko er bra med personen eller vennskapet, lag gode minner og nyt tida som de har ilag. Det skal eg gjere dei neste dagane!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar