søndag 4. mars 2012

Nyt dagen


Eg elsker når det er sol, når ein kjenner at det blir varmare i lufta, og ein har tid og energi til å bruke tida på det ein vil. I dag har eg klatra igjen for første gong på veldig veldig lenge. Det var kjekt det! Legger med bilder, og håper at dei kan seie meir enn ord. Har hatt mykje glede og kjærligheit i hjarterota i dag! 



Når me kom ut i sola, etter klatringa, var det perfekt påskevær(føltes hvertfall ut som påske). Då var det koking av pølser, som me tok i termosen, før me satt oss ut i sola for å ete ein herlig lunsj. 





















Kvelden bestod av nytt bekjentskap, kvalitetstid, taco, kortspeling, hygge med venner, pianospeling, synging og "hver gang vi møtest".












Prøvde å lage ei flette rundt hovudet mitt i dag. Kjekt å prøve
 forskjellige måtar å sette opp håret på, men blir nok enda litt
kjakkare når eg begynner å få konrtoll på det. 

























Eg må avslutte dagen i dag med å seie at me må alle hugse på kor heldige me er som har det so bra. Eg har ikkje ilt ein einaste plass i kroppen, eg har det bra med meg sjølv, har vore full med energi og har hatt muligheit til å gjere akkurat det eg vil i heile dag. Det er eg takknemleg for! Heldigvis tek eg det ikkje som ei sjølvfølge. Eg setter berre utrulig stor pris på ein so flott dag!

1 kommentar:

  1. Bilder seier veldig mykje og det ser ut som det har vore ein dag fylt med smil! :) Digga fletta di på dei siste bilda! Det kan du lære deg så du kan gjere det på meg ;)

    All ære til deg som set pris på ein så fin dag! Det er viktig å sette pris på det ein har i livet :)

    SvarSlett