Overskrifta er inspirert av følget fra fredag som var frå Finland. Vakna kl 9 i dag. Det er ikkje feil det. Når me i tillegg har skrudd klokka ein time fram i natt. Herlig å stå tidleg opp sånn at eg fekk mykje utav dagen. Starta det heile med aspargis, egg, pesto, rista brødskive, vatn og te. Det herlige var at eg har teke fram Camilla Læckberg boka mi igjen. Den har eg ikkje lest i sia juleferien. Skikkelig deilig å ha tid til å nyte ein stille og rolig morning!
Oppskrifta på knekkebrød:
3, 5 dl grov rug
2 dl små havregryn
2 dl store havregryn
1 dl sesamfrø
1 dl solsikkekjerne
1,5 dl gresskarkjerne
1 dl linfrø
1 dl kruskakli
1 ts salt
7 dl lunka vatn
190 grader varmluft. Steik i 10 min, del opp, og steik vidare i 30 min :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar