torsdag 15. mars 2012

Små Barn Små Gleder

Her går tida fort om dagen, men det tyder vel berre på at alt står bra til. Det går i praksis og mykje leven, men det er faktisk overraskande bra. Eg har klart å gjere eit inntrykk siste dagane, det er kjekt. Var ei jente på 13 år som brukte sminke når eg kom i praksis. Eg fortalte det eg meinte, nemlig at ho ikkje trengte å bruke sminke for ho er nydelig fin utan den! Etterpå spurte eg kva ho tykte om meg, som ikkje hadde sminke på, ho fortalte at eg var veldig fin. I dag kom ho utan sminke, ho var stolt. Eg sa igjen det eg meinte- at ho var finare i dag enn i går. Håper du også skjønner at det er ikkje sminke i fjeste som gjere om du er fin eller ikkje! Alle er vakre på sin eigen måte, so lenge ein tørr å vere den ein er, det er sjarm det!

Elles har eg tatt ut sykkelen igjen:)! Det er IKKJE feil! I staden for å bruke 20 min. på å gå til trening syklar eg no på korte 5 minuttar. Glitrande! 
 
Må ta med at eg får so mykje glede utav leik om dagen. I januar var det fram med plastikkposen i sekken i staden for å gå rundt og ned ein bratt bakke, i februar var det aking på liggeunderlag, i dag gjekk eg berre på dei kvite streka på overgangsfeltet og berre midt på flisene på fortauet. Eg er som ein liten unge når det kjem til gleder. Det skal ikkje mykje til for å glede meg. Det er alt frå ein hyggelig kommentar, eit smil, sol, trening eller herlige personlegheitar.

Livet handlar jo nettopp om dei små gledene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar