Det har skjedd mykje denne helga, men i dag kunne eg nyte å gjere heller lite. Det er deilig når ein ligger i senga om morgonen og ein veit at ein ikkje treng å stress av gårde på noko. Deilig å ha minimalt med planer for dagen, hvertfall når det ikkje er vanleg. Når eg i dag trakk gardinene vekk frå vindauga skein sola inn, og eg fekk lyst å komme meg ut med ein gong. Det endte opp med at eg satt på cafe, heilt aleine, uvanleg. Eg var ikkje aleine fordi eg ikkje hadde nokon å vere med, men fordi eg ville vere litt aleine. Eg drakk smoothi og studerte folka som stressa, som lo, som kyssa, som drakk kaffi og berre kosa seg i finværet. Herlig! Etter at eg på fredag såg filmen » eat, pray, love» skjønte eg meininga med det italienske ordet: dolce far niente. -Gleda av å gjere ingenting. Har du høyrt noko so fantastisk?! Nydelig :)
Legge med ein sang eg pleie å høyre på om dagen. Kul.
Ha ein fortsatt fin kveld! Håper du har hatt ei fin helg! :)

Eg blir so glad av å lese det du skrive! Stor fan av at du har fått det blogg! :D
SvarSlettDu er vakker!
*Goood klem til deg*