lørdag 17. mars 2012

Nyter dagane


Nyter dagar der eg kan vakne av meg sjølv, jogge i sola og bruke tid på meg sjølv med peeling og hårkur. På trening i dag var det to jenter som snakka om at dei hadde so mykje overskudd om dagen, det fordi dei hadde trena regelmessig sia sommaren. Dei følte seg so mykje betre og hadde mykje meir å gi heile tida. Eg blir so gira når eg høyre sånt, for er jo akkurat det eg føler sjølv. Av å trene regelmessig merkar eg at kroppen blir i mykje betre form, og det gir meg so mykje overskudd til kvardagslegesituasjonar. Det beste med trening er at ein koplar av frå alt anna som skjer i kvardagen, ikkje at det er noko eg har ønske om, men utrulig deilig å gjere det berre for min eigen del!

Gleder meg mykje til i kveld, for då skal me sjå film av revyførestillinga som var tidleg i feburar. Håper det blir bra! Lurer faktisk på om eg skal slå til med ein kjole på DVD-festen i kveld. Ikkje kvardags med kjole på denne jenta, men alltid kjekt å gjere ting som er litt utanom det vanlege. Eg er i skikkelig vårstemning om dagen. Det er som om eg har eit ekstra gira å gå på, eg blir so positiv av denne årstida :)

Dagens middag: fullkornspita, med paprika, kyllingfile, tacokrydder, rødløk, tomat og ananas. 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar